Aktuelt

 

 

Årsmøte for Representantskapet i Vikedal Bygdahus

 

Det vert årsmøte for Representantskapet i Vikedal Bygdahus torsdag den 14. februar klokka 19:00 på Vikedal Bygdahus.

 

Innkallinga kan du lesa her

 

16.01.13 Leif Kåre

 

 

Juletrefest 4. juledag

 

Fjerde juledag kl. 17.00 - 19.00 vert det tradisjon tru juletrefest på Vikedal Bygdahus.

Det blir tid til ein god drøs, ansiktsmaling for dei små og sjølvsagt gong rundt juletreet. Ta med heile familen og ta turen på bygdahuset denne kvelden.


Kanskje kjem nissen med noko godt i sekken?

 

Inngongpris 80 kr for vaksne og 40 kr for barn, då er nissegraut, pølser, kaker, kaffi og saft inkludert.

 

06.12.12: Nils Erik Eide

 

 

Romjulspub

 

Det blir romjulspub på Vikedal Bygdahus fredag 28. desember. Gratis inngang fram til kl. 22.00. Alder: 18 år. Musikk: Mr. Podsoll.

 

06.12.12: Nils Erik Eide

 

 

Vestlandsfanden til Vikedal lørdag 27.10.12
 

 

Lørdag 27.oktober blir det fest i Vikedal, på Vikedal Bygdahus. Kvelden starter med familie konsert fra kl. 18.00 - 20.00 med Level 6, Berge Ohm og Amalie Grindheim.
 
Det blir kiosksalg, inngang kr. 100,- Fra kl. 20.30 - 01.00 blir det dans med Vestlandsfanden. Bar og enkel matservering, inngang kr. 300,- 18 år.


Arrangør: V.I.L og Vikedal Bygdahus.

 

16.10.12: Leif Kåre Sigmundstad

 

 

Håndballkamp i hallen Lørdag 18. august

 

16.08.12: Leif Kåre Sigmundstad

 

 

Rival Håndball tilbake til Vikedal

 

Rival Håndball skal også i år leige hallen vår til treningsleir. Det heile skjer helga 17. - 19. august. Her skal dei trene og ha sosiale aktivitetar.

 

 

14.08.12: Nils Erik Eide

 

 

 

 

 

Påskepub

 

Det vert påskepub på bygdahuset lørdag 07. april med Jareid.

Dørene åpnar klokka 20 og det er gratis inngong før klokka 10.

Aldersgrense 18 år

 

 

 

 

 

 

 

 

 



10.02.12: Leif Kåre Sigmundstad

 

 

Nytt styre for 2012 på plass

 

 

Årsmøtet for Vikedal Bygdahus gjekk av stabelen 9.februar 2012, og der blei det nye styret sett. Sverre Gjerde (t.v.) held fram som leiar i representantskapet medan Leiv Øystein Leifsen (t.h) tek over etter Nils Erik Eide som styreleiar. Han har vore leiar i tre år.

 

Her kan du sjå bilete frå årsmøtet.

 

10.02.12: Nils Erik Eide

 

 

Årsmøte 09.02.12 - endeleg innkalling

 

Årsmøtet for representantskapet i Vikedal Bygdahus vert torsdag 09.02.12 klokka 19.30 på Vikedal Bygdahus.

 

Endeleg innkalling med vedlegg kan lastast ned her.

 

 

26.01.12: Nils Erik Eide

 

 

Årsmøte for representantskapet Vikedal Bygdahus

 

Det vert årsmøte for representantskapet i Vikedal Bygdahus, torsdag 09.02.11.

 

Førebels innkalling kan lesast her.

 

 

12.01.12: Nils Erik Eide

 

 

Juletrefest i romjula

 

Det vert arrangert juletrefest i romjula på Vikedal Bygdahus, nærmare bestemt onsdag 28.12.11 klokka 17.00 - 19.00.

 

Program for kvelden vert publisert seinare.

 

Velkommen!

 

12.12.11: Nils Erik Eide

 

 

Adventspub med Port Salutt Band laurdag 10.12.11

 

Vikedal Bygdahus planlegg å arrangera adventspub på Vikedal Bygdahus laurdag 10.12.11. Port Salutt Band (bildet) er hyra inn.

Sett av datoen!

 

Meir info kjem.

 

 

08.11.11: Nils Erik Eide

 

 

Restaurantkveld avlyst

 

Den planlagde restaurantkvelden som skulle vera på Vikedal Bygdahus fredag 11.11.11 er dessverre avlyst grunna for lite påmelde. De som har kjøpt billettar kan gå på Joker, COOP eller Skeie Shell å få pengane tilbake.

Me håpar folk stiller neste gong Vikedal Bygdahus arrangerer liknande type arrangement.

 

05.11.11: Nils Erik Eide

 

 

Gøy på landet, TV Norge, sender frå Vikedal veke 36

 

Les meir om då ein haug med single damer frå storbyen besøkte Vikedal sommaren 2011. Her møtte dei tre ungkarar og fekk vera med på mykje kjekt i løpet av den veka dei var her.

 

02.08.11: Nils Erik Eide

 

 

"Song inn den nye hallen"(Grannar 29.08.11)

 

Les artikkelen Song inn den nye hallen frå Grannar si nettside av 29.08.11 her.

 

29.08.11: Nils Erik Eide

 

 

Vellukka opningshelg for idrettshallen

 

Odd Bjørn Hjelmeset var invitert til opninga av idrettshallen i Vikedal

 

Endeleg kunne byggherre Vikedal Bygdahus invitera til opning av den nye idrettshallen for bygdene Sandeid, Vikedal og Imsland. Fredag 26.08.11 inviterte Vikedal Bygdahus dugnadsfolk, sponsorar og andre samarbeidspartnarar i samband med bygginga av idrettshallen til opningsfest på Vikedal bygdahus.

Her fekk gjestene nydelig kalvemiddag, laga av Jon Bjarte Asrekol. Dei inviterte fekk også med seg eit føredrag av Odd Bjørn Hjelmeset, som var veldig inspirerande og krydra med humor.

KORe' Vindafjord opptredde foran ein fullsatt sal, heile 200 takka ja til invitasjonen denne kvelden.

Tor Øyvind Skeidseid loste dei oppmøtte gjennom kvelden, som også, naturleg nok, bestod av talar og gåveutdeling.

 

Olav Høiland blir her intervjua av Arild Austrheim under aktivitetsdagen

 

Lørdag 27.08.11 var det open aktivitetsdag med gratis kake og korpsmusikk. Det var aktivitetsløype for barna og fotballkamp for dei vaksne. Friidrettslegenda frå Vikedal Olav Høiland vart intervjua av Arild Austrheim om den tida han var landslagsløpar og sette norgesrekord på 800 meter.

 

Alt i alt ei vellukka opningshelg for den etterlengta idrettshallen i Vikedal. No byrjar kvardagen og drifta av hallen.

 

29.08.11: Nils Erik Eide

 

 

"Ny storstove for tre bygder" (Grannar 25.08.11)

 

Les artikkelen Ny storstove for tre bygder frå Grannar si nettside av 25.08.11 her.

 

25.08.11: Nils Erik Eide

 

 

 

 

Opningsfest og aktivitetsdag

 

Fredag 26.08.11 vert det offiesiell opningsfest for den nye idrettshallen for bygdene Sandeid, Vikedal og Imsland. Då vert komitear, sponsorar, dugnadsfolk og andre spesielle gjester invitert.

Dagen etter, lørdag 27.08.11, opnar me opp hallen og den nye kafeen for alle som vil. Denne dagen vert full av aktivitetar og andre kjekke arrangement for bygdafolket i indre del av kommunen.

Meir inforasjon kjem....

 

16.07.11: Nils Erik Eide

 

 

350.000,- i støtte til idrettshallprosjektet!

 

Marine Harvest Fondet har gitt heile 350.000 kroner i støtte til idrettshallprosjektet i Vikedal, Imsland og Sandeid. Dette er pengar som kjem veldig godt med. Marine Harvest seier i sitt svarbrev at idrettshallprosjektet gir eit bidrag til lokalsamfunnet og at Marine Harvest gjerne vil vera med på å hjelpa prosjektet vidare på veg. Kriteria frå Marine Harvest er at pengestøtta skal koma flest mogleg i lokalsamfunnet til gode. Vidare seier dei at tiltaket ikkje skal brukast til generell driftstøtte. Tiltaket skal vera i ein kommune der Marine Harvest har verksemd og Marine Harvest skal ha synleg logo med i prosjektet.

 

Byggherre, Vikedal Bygdahus, takkar Marine Harvest for denne fantastiske pengestøtta.

 

05.07.11: Nils Erik Eide

 

 

Halvårsmøte for representantskapet

 

Torsdag 23.06.11 inviterar styret i Vikedal Bygdahus representantskapet til halvårsmøte. Her vil styret informera om idrettshallarbeidet og gi representantskapet ei omvisning i den nye idrettshallen. Halvårsmøtet startar kl. 20.00 og styret oppmodar om at representantskapet sender minst ein representant til dette møtet.

 

20.06.11: Nils Erik Eide

 

 

Idrettshallen snart ferdig

 

 

Det går mot slutten av arbeidet med å få til idrettshall for bygdene Sandeid, Vikedal og Imsland. I skrivande stund har me passert over 1500 dugnadstimar, så det står ikkje på innsatsen. Etter planen skal hallen vera ferdig 1. juli, ein merkedag for bygdene i indre strok.

 

Sjølv om hallen snart skal opnast, treng me likevel folk til dugnadsarbeid. Byggekomiteen har gjort ein kjempejobb med å skaffa folk til dugnad. Dersom du er interessert i å vera med på dugnadsarbeid fram mot målstreken, ta kontakt med styret, så skal me sørgja for at du kjem i arbeid, og kan vera med på å bidra til at dette store prosjektet blir ein realitet.

 

02.06.11: Nils Erik Eide

 

 

Ny kontaktperson for utleige av bygdahuset

 

Vårt nye styremedlem Kari Holten Leifsen overtek utleigeansvaret etter Anja Våg Skjold.

 

Treng du leige huset til ulike arrangement. Ta kontakt med Kari. For meir informasjon klikk her.

 

18.05.11: Nils Erik Eide

 

 

17. mai programmet for 2011

 

17. mai programmet for feiringa i Vikedal finn du her.

 

13.05.11: Nils Erik Eide

 

 

Bondelag gir pengegåver til idrettshallen

 

I samband med idrettshallprosjektet for Vikedal, Imsland og Sandeid, har Bondelaga i Vikedal og Imsland gitt 20.000 kroner kvar i gåve. Desse pengegåvene kjem veldig godt med og me set stor pris på dei.  Tusen takk - desse pengane kjem godt med!

 

30.03.11: Nils Erik Eide

 

 

Påskepub med JAREID

 

Vikedal Bygdahus arrangerer påskeaften (23.04.11) påskepub til inntekt for idrettshallen i indre strok. Den lokale duoen JAREID gjentek suksessen frå dugnadspuben i november i fjor, og spelar opp til god stemning på Vikedal bygdahus.

 

Gratis inngang før klokka 22.00 - aldersgrense er 18 år. Etter klokka 22.00 kostar det 150,-. Møt opp og bli med på ein stemningsfull kveld til inntekt for den nye idrettshallen.

 

25.03.11: Nils Erik Eide

 

 

God framdrift i idrettshallarbeidet

 

Idrettshallarbeidet går unna for tida. Dugnadsgjengar står på og i følgje Geir Berge, Berge Sag & Trelast, vil nøkkelen stå i døra og vera klar til opning 1. juli 2011. I skrivande stund er fleire km med røyr til vannboren varme lagt og golvet er støypt.

 

Minnar om at Norsk Plan har sponsa ei eiga heimeside for idrettshallen i Vikedal, Sandeid og Imsland: www.idrettshallen.com. Her kan du følgja med på utviklinga i samband med idrettshallarbeidet.

 

14.03.11: Nils Erik Eide

 

 

Årsmøtet for 2010 unnagjort

 

Torsdag 17.02.11 avholdt representantskapet i Vikedal Bygdahus årsmøte for 2010. Dei fleste av eigarane møtte opp denne fine vinterkvelden. Vanlege årsmøtesaker vart gjennomgått, samt orienteringssakar der idrettshallprosjektet var ein senntral del av denne posten. Alle årsmøtepapir vert lagt ut på heimesida så snart dei er underskrivne. Dei fleste i styret tok gjenval, bortsett frå Kjell Ove Imsland (bildet), som valde å avslutte sitt engasjement. Han har vore ein viktig del av styret i to år, og Vikedal Bygdahus takkar han for innsatsen som styremedlem.

 

Her er det nye styret i Vikedal Bygdahus for 2011.

 

17.02.11: Nils Erik Eide

 

 

Årsmøtepapir

 

Her kan du lasta ned årsmøtepapira i samband med årsmøtet for 2010 i Vikedal Bygdahus torsdag 17. februar kl. 19.30 på Vikedal Bygdahus.

 

07.02.11: Nils Erik Eide

 

 

Årsmøte i Vikedal Bygdahus 17. februar 2011

 

Årsmøtet i Vikedal Bygdahus for 2010 vert torsdag 17. februar 2011 klokka 19.30 på Vikedal Bygdahus.

 

Saker må meldast inn til styret innan 02.02.11.

 

05.01.11: Nils Erik Eide

 

 

Nyttårspub

 

 

Vikedal Bygdahus arrangerer nyttårspub, lørdag 01.01.11. Då skala det eminente revybandet vårt, Port Salutt Band, spela opp til dans.

Dørane opnar klokka 21.00.

 


 

 

Last ned plakaten for arrangementet her - hjelp oss gjerne med marknadsføringa og heng den opp på ei oppslagstavle nær der du bur.

 

18.12.10: Nils Erik Eide

 

 

Dato for årsmøtet fastsett

 

Årsmøtet for 2010, Vikedal Bygdahus, vert torsdag 17. februar 2011 på Vikedal Bygdahus kl. 19.30. Meir informasjon vil kome.
Meld gjerne inn saker til styret i god tid før møtet.

 

18.12.10: Nils Erik Eide

 

 

Ekstraordinært årsmøte unnagjort

 

Styret i Vikedal Bygdahus måtte kalla inn til ekstraordinært årsmøte onsdag 24.11.10 for å få representasjonsskapet til dokumentere garanti ved låneopptak.

Styret nytta høvet til å informera eigarane om arbeidet med idrettshallen og stoda her når først alle likevel var samla.

 

Her kan du lesa referatet frå det ekstraordinære årsmøtet.

 

25.11.10: Nils Erik Eide

 

 

Ekstraordinært årsmøte

 

Det vert ekstraordinært årsmøte i representanskapet i Vikedal Bygdahus onsdag 24.11.10 kl. 20.00 på Vikedal Bygdahus.

 

Last ned innkallinga her.

 

19.11.10: Nils Erik Eide

 

 

Vellukka byggjepub

 

Byggjepuben, som Vikedal bygdahus arrangerte laurdag 6. november 2010 til inntekt for idrettshallen, vart ein stor suksess. Over 100 personar møtte og koste seg denne kvelden. Pengane som kom inn denne kvelden kjem godt med i det vidare arbeidet med idrettshallen.

Takk til alle som gjekk dugnad denne kvelden.

 

08.11.10: Nils Erik Eide

 

 

Norsk Plan sponsar web-side for idrettshallen

 

Norsk Plan har utarbeidd eiga heimeside for idrettshallen i Vikedal. Dei har sponsa arbeidet med å oppretta sida samt oppdatering og vedlikehald framover. Adressa er www.idrettshallen.com og her vil det vera informasjon om framdrift, kronerulling og andre nyheiter. Vikedal Bygdahus takkar for denne flotte sponsorgåva og set stor pris på det.

 

Les artikkel i Grannar her.

 

05.11.10: Nils Erik Eide

 

 

Pubkveld

 

Laurdag 6. november 2010 arrangerer Vikedal Bygdahus pubkveld på i kafeen på Vikedal Bygdahus. For å få inn pengar til idrettshallen, vert det god stemning med JAREID.

Følg med på Facebook og på oppslagstavler for meir informasjon.

 

Last ned plakaten for arrangementet her - hjelp oss gjerne med marknadsføringa og heng den opp på ei oppslagstavle nær der du bur.

 

13.10.10: Nils Erik Eide

 

 

Webmaster: Leif Kåre Hårajuvet Sigmundstad