Ina Helmers, styreleiar
Vikedal Bygdahus og Idrettshall er eigd av ei rekkje lag og organisasjonar i Vikedal. Det er eit flott bygdahus med mange kjekke moglegheiter i samband med arrangement, og ein flott idrettshall der det er mykje flott aktivitet for store og små. Organisasjonen er dedikert til å skape et levande og inkluderende lokalsamfunn gjennom ulike kulturelle og idrettsrelaterte aktiviteter.
Bygdahuset blei oppført i 1999 og feirar 25 år i 2024, idrettshallen var ny i 2011 og har vore full av aktivitet sidan den gong.
Vår organisasjon arbeider for å skape positiv endring gjennom frivillig innsats og samfunnsengasjement. Me driv med ulike arrangement og utleige for å styrkja lokalsamfunnet. Vikedal Bygdahus og Idrettshall er eigd av lag og organisasjonar, her er andelsfordelinga:
Det nyvalde styret i Vikedal Bygdahus og Idrettshall, frå venstre: Erlend Nesheim, Johannes Holten Leifsen, Ina Helmers, Asle Øverland og Nils Erik Eide. Tone Helen H. Halleraker og Håkon Bakkedal var ikkje til stades då bildet blei tatt.
Vikedal Bygdahus er eit allsidig hus og kan brukast i mange samanhengar. Me har eit godt oppdatert kjøkken, storsal med projektor, lerret og lydanlegg. I tillegg har me ein flott kafe med bar samt eit godt møterom. Vikedal Bygdahus samarbeidar med Vikedal Ungdomslag i samband med lyd og lys.
Treng du leige huset til:
Ta kontakt med:
Gro Anett Espevoll
Mobil: 95 15 04 34
E-post: groaespevoll@hotmail.com
Lilly Hundseid
Mobil: 93 21 34 58
E-post: lillo134@hotmail.com
Hald deg oppdatert med dei siste nyheitene og aktivitetane fra vår organisasjon.
6. juli inviterar Vikedal Bygdahus og Vikedal Båtforeining til Sommarfestival i Vikedal igjen. Det blir kjekke aktivitetar i båthamna og fiskefestival. Festivalen held fram på Bygdahuset på ettermiddag og kveld med live musikk og god stemning. Følg med på nettsida og Facebook framover for meir detaljert informasjon. Hald av dagen, me gler oss
Nils Erik Eide 15.05.24
Bygdahuset feirar 25 år i 2024, og gjett om det skal bli feiring...
Det vil kome meir informasjon om dette framover, følg med
Nils Erik Eide 17.04.24
På årsmøtet blei det vald nytt styre for 2024
Klikk her for å sjå kven som er i styret
Nils Erik Eide 17.04.24
Me treng hjelp frå deg, er du med?
Framover vil me jobbe for å oppgradere huset og hallen, håpar du er positiv til å stille på dugnad, meir info vil kome
Nils Erik Eide 17.04.24
Kontakt
Har du spørsmål, innspel eller vil bidra? Me i Vikedal Bygdahus og Idrettshall ser fram til å høyre frå deg!